søndag 13. april 2014

Litt generell info

Som dåke har skjønt, så skal bryllupet feirast på vakre vestlandet. Husnes som er bygda Elina kjem frå, ligg i Kvinnherad kommune, i hjarta av Sunnhordland. Sjølv om vi er busett i Oslo, blei det eit naturleg val for begge å ha bryllupet her.

Vigselen skal gå føre i Holmedal kyrkje på Utåker, 15 km sør for Husnes. Her kjem slekta til Elina på farsida frå, og i kyrkja har 4 generasjonar blitt døypte, - oldermor.............. og Elina sjølv. Kyrkja ligg fint til  i eit frodig landskap med fjorden som næraste nabo.
Bygget er ei langkyrkje i tre frå 1882. Det er ei fin og sjarmerande kyrkje med tilsaman 200 sitteplassar.





Etter fotografering utanfor kyrkja, drar me til Handeland Gard, der festen skal stå. Ein kjøretur på ca 9 km. Det vil bli sett opp transport, men det kjem vi tilbake til.

Litt om historia til Handeland Gard:
Handeland Gard blei lagd ut som ”kvarter” for offiser Peder Montagne de Lillenskiold, og i 1694 kjøpte han garden. Han dreiv med mykje forskjelleg, m.a.  reiperbane, teglesteindrift og marmorbrot. Han hadde mange i arbeid, og var kjent for å behandla arbeidstakarane sine dårleg. Men dei var fornøgde ettersom han klarte å skaffa mange fritak frå militære. Baren i underetasjen på Handeland gard blei i 2004 oppkalt etter offiseren; Montanjen.
Garden blei i 1734 overtatt av familien Dahlen . I 1830 var Gjest Baardsen (faktisk ein slektning på morsida til Elina) på besøk på garden, og det seies at han stal mesteparten av sølvtøyet og gøymde det i Handelandsdalen (ikkje langt unna). Sølvtøyet er fortsatt ikkje funne. Handeland Gard er nå eigd av eit lokalt firma, og vert i tillegg til kontor/representasjon nytta til festlege arrangement.