Som dåke har skjønt, så skal bryllupet feirast på vakre vestlandet. Husnes som er bygda Elina kjem
frå, ligg i Kvinnherad kommune, i hjarta av Sunnhordland. Sjølv om vi er busett
i Oslo, blei det eit naturleg val for begge å ha bryllupet her.
Vigselen skal gå føre
i Holmedal kyrkje på Utåker, 15 km sør for Husnes. Her kjem slekta til Elina på
farsida frå, og i kyrkja har 4 generasjonar blitt døypte, - oldermor..............
og Elina sjølv. Kyrkja ligg fint til i
eit frodig landskap med fjorden som næraste nabo.
Bygget er ei langkyrkje
i tre frå 1882. Det er ei fin og sjarmerande kyrkje med tilsaman 200
sitteplassar.
Etter fotografering
utanfor kyrkja, drar me til Handeland
Gard, der festen skal stå. Ein kjøretur på ca 9 km. Det vil bli sett opp
transport, men det kjem vi tilbake til.
Litt om historia til
Handeland Gard:
Handeland Gard blei
lagd ut som ”kvarter” for offiser Peder Montagne de Lillenskiold, og i 1694
kjøpte han garden. Han dreiv med mykje forskjelleg, m.a. reiperbane, teglesteindrift og
marmorbrot. Han hadde mange i arbeid, og
var kjent for å behandla arbeidstakarane sine dårleg. Men dei var fornøgde
ettersom han klarte å skaffa mange fritak frå militære. Baren i underetasjen på
Handeland gard blei i 2004 oppkalt etter offiseren; Montanjen.
Garden blei i 1734
overtatt av familien Dahlen . I 1830 var Gjest Baardsen (faktisk ein slektning
på morsida til Elina) på besøk på garden, og det seies at han stal mesteparten
av sølvtøyet og gøymde det i Handelandsdalen (ikkje langt unna). Sølvtøyet er
fortsatt ikkje funne. Handeland Gard er nå eigd av eit lokalt firma, og vert i
tillegg til kontor/representasjon nytta til festlege arrangement.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar