søndag 1. juni 2014

Ønskeliste

Vi har registrert gavelister hos 2 ulike butikk-kjeder.
Designforevig, http://www.designforevig.no/ 

Designforevig er et samarbeid mellom forskjellige butikkar i Norge. Nederst på nettsida får du ein oversikt over alle butikkane som er del av samarbeidet.

På dei to ønskelistene har vi satt opp litt forskjellig. For eksempel middagsservice Renaissance Gold frå Wedgwood, frokostservice Mussel Mega frå Royal Copenhagen, diverse glas, Chateau frå Kosta Boda, Le Creuset gryte, diverse lysestaker og mykje meir.
I butikkane vert det registrert etterkvart som ting vert handla.
Elina har i mange år samla på sølvbestikket «Flat Rose», og ønskar seg gjerne delar til dette.
Vi har som dåke veit vore kjærestar i 5 år, og har difor allereie samla mykje, ei pengegåve er difor også velkomen.

mandag 26. mai 2014

Forlovarar og Toastmaster


Vi vil kort presentera våre kjære forlovarar og toastmaster.

Hege Digranes er Elina sin forlovar. Vennskapet mellom  Hege og Elina starta på ei
svømmetrening i 1995, og siden då har dei vore bestevenninner. Hege bur på Husnes ,og er ei av dei Elina alltid gler meg til å møte når ho kjem heim.
Hege si mailadresse og tlf.nr. hege@noreq.no og 404 44 753.
 










Jon sin forlover er Geir Inge Berg . I barndommen har Geir Inge og Jon budd eitt par hus fra
kvarandre. Han har vore ein nær kompis sidan Jon kom til Norge. 
Geir Inge si mailadresse og tlf.nr.er: gib@multiconsult.no og 400 98 619
 











Vi er så heldige at Rolf  Straume har sagt ja til å vera toastmaster i bryllupet vårt.Rolf er gift med Anne Lise, besteveninna til Pia (Elina si mamma).
Anne Lise og Rolf er også Elina sine kjære fadderar.
Rolf si mailadresse og tlf.nr.er: rolf.straume@infima.no og 976 59 854




fredag 2. mai 2014

Telefon og mail

Elina: 482 33 642, elina.tjeldflaat@gmail.com
Jon: 922 15 121, jon.frafjord@gmail.com

Overnatting og transport

Når det gjeld overnatting, så er det dessverre ikkje så mange alternativ i kort avstand frå kyrkje og festlokalet. Aktuelle overnattingsplasser er Husnes camping, Solheim Turiststasjon og Rosendal fjordhotell.
Husnes camping ligg i nærleiken av Husnes sentrum. Her kan ein leige greie hytter med forholdsvis enkel standard, og bu sentralt på Husnes. Sjekk ut heimesida for meir informasjon; www.husnescamping.com

Solheim Turiststasjon er eit hyggeleg pensjonat som ligg mellom Rosendal og Husnes og er eit ok alternativ til hotell. Nettsida deira er www.solheimturiststasjon.no.

Rosendal Fjordhotell.  Dette er det einaste hotellet i nærleiken, som ligg i Rosendal, ca. 2,7 mil frå Husnes. Dette er eit fint hotell som ligg ved Hardangerfjorden. Heimesida til hotellet er www.rosendal-fjordhotel.no.

Gjester må sjølv ordna overnatting.

Vi vil setta opp buss fra Rosendal laurdag 16.august kl 1345 til Holmedal kyrkje. Bussen kan ta opp gjester frå dei nemnde overnattingsplassane.

Den same bussen vil vidare frakta alle gjestene frå Holmedal kyrkje til Handeland Gard.
Kl. 02.00 stenger Handeland, og ca. 02.15 vil det stå klar buss som fraktar gjestene fra Handeland, via Husnes og til endestasjonen Rosendal Fjordhotell.

Vi ønskjer å få ein tilbakemelding fra dykk dersom de er interessert i transport èin eller to vegar. Det vil vera ein eigenandel på ca. 100 kr pr. pers kvar veg.  

søndag 13. april 2014

Litt generell info

Som dåke har skjønt, så skal bryllupet feirast på vakre vestlandet. Husnes som er bygda Elina kjem frå, ligg i Kvinnherad kommune, i hjarta av Sunnhordland. Sjølv om vi er busett i Oslo, blei det eit naturleg val for begge å ha bryllupet her.

Vigselen skal gå føre i Holmedal kyrkje på Utåker, 15 km sør for Husnes. Her kjem slekta til Elina på farsida frå, og i kyrkja har 4 generasjonar blitt døypte, - oldermor.............. og Elina sjølv. Kyrkja ligg fint til  i eit frodig landskap med fjorden som næraste nabo.
Bygget er ei langkyrkje i tre frå 1882. Det er ei fin og sjarmerande kyrkje med tilsaman 200 sitteplassar.





Etter fotografering utanfor kyrkja, drar me til Handeland Gard, der festen skal stå. Ein kjøretur på ca 9 km. Det vil bli sett opp transport, men det kjem vi tilbake til.

Litt om historia til Handeland Gard:
Handeland Gard blei lagd ut som ”kvarter” for offiser Peder Montagne de Lillenskiold, og i 1694 kjøpte han garden. Han dreiv med mykje forskjelleg, m.a.  reiperbane, teglesteindrift og marmorbrot. Han hadde mange i arbeid, og var kjent for å behandla arbeidstakarane sine dårleg. Men dei var fornøgde ettersom han klarte å skaffa mange fritak frå militære. Baren i underetasjen på Handeland gard blei i 2004 oppkalt etter offiseren; Montanjen.
Garden blei i 1734 overtatt av familien Dahlen . I 1830 var Gjest Baardsen (faktisk ein slektning på morsida til Elina) på besøk på garden, og det seies at han stal mesteparten av sølvtøyet og gøymde det i Handelandsdalen (ikkje langt unna). Sølvtøyet er fortsatt ikkje funne. Handeland Gard er nå eigd av eit lokalt firma, og vert i tillegg til kontor/representasjon nytta til festlege arrangement.




mandag 24. mars 2014

Velkomen til vår bryllupsblogg

Vi har laga denne bloggen slik at gjestane våre lett kan finne informasjon om bryllupet våres.
Her kan du klikke deg rundt for å lese meir om sjølvaste brudeparet, ønskeliste, Holmedal kyrkje, overnatting osv.
Vi håper den kan være til nytte, og om det er andre spørsmål så er det bare å ta kontakt med oss!