fredag 2. mai 2014

Overnatting og transport

Når det gjeld overnatting, så er det dessverre ikkje så mange alternativ i kort avstand frå kyrkje og festlokalet. Aktuelle overnattingsplasser er Husnes camping, Solheim Turiststasjon og Rosendal fjordhotell.
Husnes camping ligg i nærleiken av Husnes sentrum. Her kan ein leige greie hytter med forholdsvis enkel standard, og bu sentralt på Husnes. Sjekk ut heimesida for meir informasjon; www.husnescamping.com

Solheim Turiststasjon er eit hyggeleg pensjonat som ligg mellom Rosendal og Husnes og er eit ok alternativ til hotell. Nettsida deira er www.solheimturiststasjon.no.

Rosendal Fjordhotell.  Dette er det einaste hotellet i nærleiken, som ligg i Rosendal, ca. 2,7 mil frå Husnes. Dette er eit fint hotell som ligg ved Hardangerfjorden. Heimesida til hotellet er www.rosendal-fjordhotel.no.

Gjester må sjølv ordna overnatting.

Vi vil setta opp buss fra Rosendal laurdag 16.august kl 1345 til Holmedal kyrkje. Bussen kan ta opp gjester frå dei nemnde overnattingsplassane.

Den same bussen vil vidare frakta alle gjestene frå Holmedal kyrkje til Handeland Gard.
Kl. 02.00 stenger Handeland, og ca. 02.15 vil det stå klar buss som fraktar gjestene fra Handeland, via Husnes og til endestasjonen Rosendal Fjordhotell.

Vi ønskjer å få ein tilbakemelding fra dykk dersom de er interessert i transport èin eller to vegar. Det vil vera ein eigenandel på ca. 100 kr pr. pers kvar veg.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar